Loading…
Attending this event?
View analytic
Saturday, June 2 • 18:00 - 18:40
SVARTEPER

Sign up or log in to save this to your schedule and see who's attending!

https://mailchi.mp/cb0e76b12797/s-v-a-r-t-e-p-e-r-l-y-d-e-n-a-v-d-e-t-g-r-n-n-e-s-k-i-f-t-e-t-p-d-i-n-s-c-e-n-e-315815
En garde!
SVARTEPER er lyden av det grønne skiftet. Hoffnarren med framtidsvisjoner. Eit musikalsk kommentarfelt til velferdstaten, på godt og vondt.
Bandet kjem ifrå den ruralaristokratiske kulturbygda Ål og er siste dønning av Hallingbølga som har rent over Oslo dei siste åra.
Melodiene inviterer til rytmisk kontemplasjon og esoterisk dans.
Tekstene er originale ispedd mykje humor og eit opplyftande glimt i auget.
Garantert indre antiapatisk revolusjon. Touché.?!
Svarteper let som ein nyfrelst Stein Torleif Bjella på metroseksuell sopptur i storbyen, med Daniel Kvammens ungdommelige pågangsmot, i djupdykk nedi den gamle platesamlinga til Hellbillies.
Debutplata Svevestøv er eit konseptalbum der bygdisbanden tok eit oppgjer med seg sjølv mot tigerstaden og bygda i byen. Det kom våren 2016 og mottok gode anmeldelser og terningskast 5 ifrå NRK P1. Gjesteartister på plata var blant anna Tuva Syvertsen ifrå Valkyrien All-Stars og Tor Egil Kreken ifrå Darling West. Det vart spelt inn i Amper Tone med Bård Ingebrigtsen.
Plate nr.2 Antiapatisk lommeparlør kjem hausten 2018. Dei 2 første singlene magda Møy og Drøymefangaren kjem i april og mai.
Svarteper speler også med mindre besetning i akustisk format.
Herman holder solokonserter med konseptet Herman & Hjartelaget.
http://www.svarteperband.com/
https://www.facebook.com/svarteper
https://open.spotify.com/album/64av94iUqGwa5ptnZySZhX


Saturday June 2, 2018 18:00 - 18:40
Uhørt - Strøget passasjen Torggata 11, 0181 Oslo, Norge
Feedback form isn't open yet.

Attendees (1)